Første styremøtet for året vart halde 21.04. Det var 4 saker på agendaen.
Nye medlemmar til styret
3 personar har meldt interesse. Me håpar fleire melder seg.
Fast dekke rundt ballbingen
Me vil få fastsett ein dato for asfaltering. Bebuarar i feltet kan henga seg på, og få ein grei pris. Informasjon vert sendt ut når det er klart.
Dugnad
Det er planlagt to dugnader i vår: 4. og 12. mai.
Årsmøte
Det vert halde eit forsinka årsmøte 26. mai. Informasjon er sendt ut.
No ligg det 8-10 bossspann slengt på oppstillingsplassen ved ballbingen. Ver snill å hald plassen ryddig. Det ser mildt sagt ikkje pent ut no. Me oppmodar om å henta spannet same dag som ei har sett det ut. Pass óg … Les meir →
I dag har me inngått kontrakt for vintervedlikehald av vegane, i sessongen 2015-2016, med Tore Gjerstad. Han har overteke avtalen Nortrans hadde med kommunen, for brøyting av hovudvegen gjennom feltet.
Les meir under Brøyting.
I perioden 19. til 23. september gjorde Statens vegvesen eit trafikkmåling i feltet, i regi av kommunen. Bakgrunnen for dette er eit ynskje om ein fartsdempar ved toppen av bakken. Les meir →
Velforeninga er forespurt av kommunen, om å stilla 4 bøssebærarar på aksjondagen, søndag 18. oktober. Me tek ikkje på oss å organisere dette, men me oppfordrar alle som kan om å melda seg hjå Frivilligsentralen i Lindås.
Les meir, og meld deg på her
Me får opplyst at det tek 1-2 timar å gå (evt. køyre) ei rute i Hillandsområdet. Innsamlinga foregår etter kl. 15.
På dugnaden sist onsdag, var hovudjobben å få klargjordt området bak ballbingen for støttemur. Med god innsats, vart det rensa ei grøft der muren skal stå. Les meir →
Styreleiaren vår flytta 01.10.15 og styret treng fleire medlemmar og gode kandidatar for leiarvervet. Velforeninga har god økonomi og mange planar som skal konkretiserast. Området rundt ballbana øvst i feltet skal forbetrast med støttemur og fast dekke rundt ballbingen.
Ta kontakt om du kan delta i styret og vera med å utvikla feltet vårt vidare.
På nokre timar, fredag ettermiddag, vart ballbingen og leikestativet beisa. Oppmøtet var overraskande godt, og både små og store koste seg i kveldsola. Les meir →
Vil du vera med å bestemma kva som skal skje i feltet vårt, må du stilla på årsmøtet. Velforeninga har endeleg pengar, så i år kan me få noko gjordt. I fjor var me 17 deltakarar på årsmøtet, men me håpar engasjement er høgare i år, og endå fleire stiller. Bruk linkane under for å lesa årsmelding for fjoråret, og heile innkallinga.
Innkalling til årsmøte 2015 (PDF)
Årsmelding 2014 (PDF)
Kontrakten med Nortrans Veg og Annlegg er fornya for vinteren 2014/2015. Det er ein fastprisavtale for brøyting og strøing av sidevegar. Ved større snømengder har dei ein fast timespris for å kjøra snø vekk. Det må evt. bestillast.
Nortrans har óg avtale med kommunen om brøyting av hovudvegen gjennom feltet, og brøytinga av sidevegar vil dei ta samstundes.
Vakttelefon: 469 73 414.