Styremøte, 18. mai 2016

Denne gongen gjekk møtet i hovudsak med til forebuing av årsmøtet.

Asfaltering
Ein av de næraste dagane vil me ha ei synfaring, for å sjå kva sidevegar som treng asfaltering. Har du tips, send ei melding til post@hillandvest.no.

Jonsokaftan
Me vil igjen prøva å få til eit arrangement jonsokaftan. Bålet byggjer me på dugnad, dagen før.

Nye medlemmar til styret
No er det totalt 5 personar som har meldt interesse for ein plass i styret.

Dugnad
Me tek sjølvkritikk på at forrige dugnad var dårleg planlagt. Oppgåver, og prioriteringa av dei, må vera fastsett, så ein lett kan setta folk i arbeid.