Vedtekter Hilland Vest Velforening

Last ned (PDF)

1. Formål
Velforeininga skal ivareta bebuarane sine felles interesser, ha ansvaret for vedlikehald av fellesareal og elles gjennomføre tiltak for å få eit triveleg bustadfelt.

2. Medlemsskap
Alle husstandar kan og bør vere medlem. For å ivareta felles interesser, oppfordrar styret alle husstandar til å vere medlem av velforeininga.

3. Kontingent
Medlemmene må betale årleg kontingent. Generalforsamlinga fastset beløpet på medlemskontingenten kvart år. Finansiering av velforeininga si verksemd og oppgåver som går utover inntekter frå kontingenten må generalforsamlinga vedta.

4. Generalforsamlinga
Generalforsamlinga er velforeininga si høgaste myndigheit. Ordinær generalforsamling skal haldast ein gong kvart år innan utgangen av februar. Styret i velforeininga innkallar skriftleg til generalforsamling med to – 2 – vekers varsel.
Innkallinga skal innehalde: årsmelding frå styret, rekneskap, innkomne forslag samt eventuelt forslag til budsjett.
Når innkallinga er gjort på korrekt måte, er generalforsamlinga vedtaksdyktig ved dei frammøtte stemmeberettiga medlemmene. Kvar husstand har ei – 1 – stemme. Forslag som det skal stemmast over må styret ha mottatt innan utgangen av januar.

5. Ekstraordinær generalforsamling
Skriftleg og med to – 2 – vekers varsel kan ekstraordinær generalforsamling samankallast av styret når dette finn det naudsynt. Dersom minst ti – 10 – medlemmer forlangar det, skal styret på tilsvarande måte kalle inn til ekstraordinær generalforsamling. Denne ekstraordinære generalforsamlinga kan berre handsame den eller dei saker som krav om ekstraordinær generalforsamling omfattar og som er kunngjort i innkallinga. Generalforsamlinga skal haldast snarast mogleg etter at krav er framsett skriftleg til styret. Ekstraordinær generalforsamling er vedtaksdyktig på same måte som ordinær generalforsamling.

6. Votering
Alle val som vert handsama på generalforsamlinga vert avgjort ved alminneleg fleirtal. Dersom likt tal stemmer, vert avgjerda tatt ved loddtrekning. Votering skal skje skriftleg dersom ein eller fleire stemmeberettiga forlangar det.

7. Dagsorden
På den ordinære generalforsamlinga skal styret leggje fram:
1. Val av ordstyrar
2. Årsmelding
3. Rekneskap. Noter og kommentarar.
4. Innkomne forslag
5. Fastsetjing av medlemskontingent og eventuelt budsjettforslag
6. Val
7. Eventuelt

8. Val
På generalforsamlinga skal det veljast eit styre på 5 medlemmer og 2 vara medlemmer til velforeininga. Styret konstituerer seg sjølv. Tre medlemmer er på val kvart år og styremedlemmene har ei funksjonstid på 2 år. Dessutan vel generalforsamlinga kvart år:
• Revisor
• Eventuelle nødvendige komitear og tillitsvalde
Styret fungerer som valkomité.
Alle medlemmene, også dei som ikkje er representert på generalforsamlinga kan veljast til styret. Styrerepresentasjonen bør i størst mogleg grad gå på omgang mellom husstandane. Alle bustadtypar (einebustad/rekkehus/leilighet) bør vere representert i same styre.

9. Pliktene til styret
Styret skal administrere velforeininga og fremme formåla etter desse vedtektene og dei avgjerder som er fatta på generalforsamlinga. Styremøte skal haldast når leiar finn det naudsynt eller når minst to medlemmer av styret forlangar det. Styret kan fatte avgjerder når alle medlemmene er varsla i god tid om møtet og minst fire – 4 – er tilstades. Dersom eit medlem ikkje kan møte, skal han/ho melde frå i god tid til leiar. Alle saker og all korrespondanse skal leggjast fram på styremøtet. Styret skal ved sekretær føre referat frå alle møter og ved kasserar føre rekneskap og medlemskartotek. Foreininga sine kontante midlar skal setjast på bankkonto som skal disponerast av kasserer og leiar. Rekneskapsåret skal vere kalenderåret.

10. Votering i styret
Styrevedtak krev alminneleg fleirtal. Ved likt stemmetal har leiar dobbelstemme.

11. Vedtektsendringar
Endringar i vedtektene kan berre gjerast på ordinær generalforsamling og krev 2/3 fleirtal.

Hilland Vest Velforening
22. mars 2002