Drenering er på plass

4 slike sandfangarar, med drenering, er støypt på plass

4 slike sandfangarar, med drenering, er støypt på plass

Me takkar for oppmøtet på dei to dugnadane i mai. Sjølv om det var relativt få som møtte, vart det gjordt ein god innsats. Gledeleg at det var fleire nye fjes.

Det er plukka mykje boss etter vinteren – Oppfordrar igjen folk om å henta bosspanna etter tømming. Me har fått kosta vekk ein del grus på sidevegar, og fjerna busker og kratt.

No er drenering for asfalterinsprosjektet rundt ballplassen på plass, så det er ikkje lenge før det vert asfaltering.

Det gjennstår mykje, så om ein føler for det, er det berre å slå seg laus. Plantane rundt ballbingen har me bla. ikkje fått gjordt noko med.