Asfaltering i veke 23

Me har inngått ein avtale med Tertnes Entreprenør, om asfaltering rundt ballbingen, og vedlikehald av sidevegar. Dette vil skje i midten av veke 23.

I forkant av asfalteringa vert det to dugnadar. Oppgåvene er i hovedsak å grava ned to nye kummer, og fjerna ugras og mose frå området som skal asfalterast.

Prisen for avretting med veigrus og asfaltering er kr. 213 per m2, inkl. mva. Dersom du vil henge deg på og asfaltere din egen innkjørsel, tar du direkte kontakt med Tertnes Entreprenør og viser til prisavtale med Hilland Vest Velforening.

Det vil ikkje bli tillegg for transport eller rigging av utstyr.

Kontaktperson hjå Tertnes Entreprenør a/s er:
Cato Halland
Tlf. 479 14 339