Ikkje grunnlag for fartsdempar

I perioden 19. til 23. september gjorde Statens vegvesen eit trafikkmåling i feltet, i regi av kommunen. Bakgrunnen for dette er eit ynskje om ein fartsdempar ved toppen av bakken.

Det var totalt 1325 passeringar, og snittfarten låg på omlag 30 km/t. Det er enkelte som køyrer altfor fort, men i følgje kommunen, gjev resultata ikkje grunnlag for fartsdemparar. Dette inneber at kommunen ikkje vil kosta tiltaket, og sjølv om me vil ta kostnaden sjølv, er det lite truleg at me får løyve til det.

Lenger nede i bakken er det regulert inn fartsreduserande tiltak, så der er det endå eit håp, for dei som ynskjer slike tiltak.