På nokre timar, fredag ettermiddag, vart ballbingen og leikestativet beisa. Oppmøtet var overraskande godt, og både små og store koste seg i kveldsola. Les meir →
Vil du vera med å bestemma kva som skal skje i feltet vårt, må du stilla på årsmøtet. Velforeninga har endeleg pengar, så i år kan me få noko gjordt. I fjor var me 17 deltakarar på årsmøtet, men me håpar engasjement er høgare i år, og endå fleire stiller. Bruk linkane under for å lesa årsmelding for fjoråret, og heile innkallinga.
Innkalling til årsmøte 2015 (PDF)
Årsmelding 2014 (PDF)
Kontrakten med Nortrans Veg og Annlegg er fornya for vinteren 2014/2015. Det er ein fastprisavtale for brøyting og strøing av sidevegar. Ved større snømengder har dei ein fast timespris for å kjøra snø vekk. Det må evt. bestillast.
Nortrans har óg avtale med kommunen om brøyting av hovudvegen gjennom feltet, og brøytinga av sidevegar vil dei ta samstundes.
Vakttelefon: 469 73 414.
Det vil i løpet av oktober komme ein faktura på kr. 800, med forfallsdato 15.11.2014, for brøyting og strøing, til alle bustader som ikkje har utkjørselen direkte ut i hovedgata gjennom feltet. Total faktura lyder på kr. 40000,- så det er viktig at alle betaler det dei skal.
Hilland Buretslag (blokkene) vert i henhold til tidligere avtale fakturert 20% eller kr. 8000,-
Det er framleis nokon som har gløymt å betale inn årets kontingent på kr. 500,-