Klargjort for støttemur

På dugnaden sist onsdag, var hovudjobben å få klargjort området bak ballbingen for støttemur. Med god innsats, vart det gravd ei grøft der muren skal stå. No vert det kjøpt inn forskalingsblokker, singel, armering etc., og me reknar med å få til to dugnadar før vinteren set inn.

Sjølv om innkallinga kom i siste liten, var oppmøtet var godt, så det vart óg tid til luking, stell av plantar, rydding av busker og kratt. Om utloddinga av fenalåret hadde nokon effekt, veit me ikkje, men ynskjer oss tilbakemeldingar på kva folk syns om dettte. Den heldige vinnaren denne gongen var Reidar.

Me avslutta med litt forfriskningar, og Hildegunn diska opp med kaffi, bollar og saft.