Vegen vidare

Hilland Vest Velforeining er no leia av eit midlertidig styre. Målet vårt er å legga til rette for eit nytt styre, som skal representera heile feltet, med unntak av Borettslaget Hilland Vardane (blokkene). Me vil arrangera eit årsmøte tidleg på nyåret, med forslag til nytt styre.

No i haust vil det verta arrangert eit medlemsmøte i midten av veke 44, der me kan møtast og lufta tankar om vegen vidare for velforeininga. Me vil senda ut ei ny innkalling, men alt no kan ein komma med innspel til oss på post@hillandvest.no eller kontaktskjemaet på nettsida vår, www.hillandvest.no.

Det er skrive ein ny brøyteavtale for vinteren, og det vil etter kvart verta sendt ut ein faktura. Det vil som tidlegare truleg koma på kr. 800,-. Meir informasjon om brøytinga finn ein på nettsida. Det vert inga medlemsavgift dette året.

Asfaltering i veke 23

Me har inngått ein avtale med Tertnes Entreprenør, om asfaltering rundt ballbingen, og vedlikehald av sidevegar. Dette vil skje i midten av veke 23.

I forkant av asfalteringa vert det to dugnadar. Oppgåvene er i hovedsak å grava ned to nye kummer, og fjerna ugras og mose frå området som skal asfalterast.

Prisen for avretting med veigrus og asfaltering er kr. 213 per m2, inkl. mva. Dersom du vil henge deg på og asfaltere din egen innkjørsel, tar du direkte kontakt med Tertnes Entreprenør og viser til prisavtale med Hilland Vest Velforening.

Det vil ikkje bli tillegg for transport eller rigging av utstyr.

Kontaktperson hjå Tertnes Entreprenør a/s er:
Cato Halland
Tlf. 479 14 339