TV-aksjonen 2015, 18. oktober

Velforeninga er forespurt av kommunen, om å stilla 4 bøssebærarar på aksjondagen, søndag 18. oktober. Me tek ikkje på oss å organisere dette, men me oppfordrar alle som kan om å melda seg hjå Frivilligsentralen i Lindås.

Les meir, og meld deg på her

Me får opplyst at det tek 1-2 timar å gå (evt. køyre) ei rute i Hillandsområdet. Innsamlinga foregår etter kl. 15.

Manglar medlemmar i styret

Styreleiaren vår flytta 01.10.15 og styret treng fleire medlemmar og gode kandidatar for leiarvervet. Velforeninga har god økonomi og mange planar som skal konkretiserast. Området rundt ballbana øvst i feltet skal forbetrast med støttemur og fast dekke rundt ballbingen.

Ta kontakt om du kan delta i styret og vera med å utvikla feltet vårt vidare.

Fornya brøytekontrakt

Kontrakten med Nortrans Veg og Annlegg er fornya for vinteren 2014/2015. Det er ein fastprisavtale for brøyting og strøing av sidevegar. Ved større snømengder har dei ein fast timespris for å kjøra snø vekk. Det må evt. bestillast.

Nortrans har óg avtale med kommunen om brøyting av hovudvegen gjennom feltet, og brøytinga av sidevegar vil dei ta samstundes.

Vakttelefon: 469 73 414.

Faktura for brøyting i vinter

Det vil i løpet av oktober komme ein faktura på kr. 800, med forfallsdato 15.11.2014, for brøyting og strøing, til alle bustader som ikkje har utkjørselen direkte ut i hovedgata gjennom feltet. Total faktura lyder på kr. 40000,- så det er viktig at alle betaler det dei skal.

Hilland Buretslag (blokkene) vert i henhold til tidligere avtale fakturert 20% eller kr. 8000,-

Det er framleis nokon som har gløymt å betale inn årets kontingent på kr. 500,-