Stien er grusa

Oppmøtet var bra og folk koste seg på dugnaden i dag. Takk til alle som deltok! Me fekk utført mykje. Feltet vart rydda og området rundt ballbingen fekk ei overhaling. Stien mot aust fekk ny grus og ballbingen vart kosta og lappa. Stativa til basketkorgene vart fjerna, men det er planar om å få montert ei nytt stativ over det asfalterte området.

Me koste oss med kjeks og pizza frå Gabben.

Ballbingen vart kosta og lappa.