På nokre timar, fredag ettermiddag, vart ballbingen og leikestativet beisa. Oppmøtet var overraskande godt, og både små og store koste seg i kveldsola.

Ballbingen i kveldsola
Me planlegg eit andre strøk før sommarferien, men har ikkje sett ein dato for det endå.
Ein stor takk til alle som møtte opp, og til kommunen som fiksa beis og kostar. Til neste dugnad håpar me det stiller fleire frå den nederste delen av feltet.

Ballbingen før beising