Dugnad, 15.05.2015

Me prøver oss på ein ny dugnad på fredag, 15.05 kl. 17.00.

• Beising av ballbingen
• Luking og stell i området rund ballbingen

Me har fått beis og kostar, hjå kommunen, men ta med anna utstyr og reiskap som trengs: Bøtte til maling, skrapa, filler, etc.

Det er meldt godt vær, og me vil setta opp ein grill, så ta med grillmat.

Me kjem til å halda på utover ettermiddag/kvelden, så om du ikkje kan møta kl. 17.00 er det ingen problem å komma seinare.

Dugnaden på onsdag vart avlyst pga. været. Takk til dei som møtte opp!